Ryan Adams – Prisoner

Ryan Adams – “Prisoner”

Pax Am (2017)

“- No no no. You mean BRYAN Adams, not RYAN. I know, coz I’m American”

Sitatet over er dessverre ikkje fiktivt. Det tilhøyrer ein tidligere kollega som svarte som over då ein kunde var innom og spurte etter siste skiva til Ryan – som då dette pinlege augeblikket inntraff, var “Gold”. Mange år har gått sia Gold, og Ryan anno 2017 er nok nærmare sin kanadiske navnebror no enn dengang. Men vi er no heldigvis ikkje heilt Reckless, då.

Ryan anno 2017 er vonbroten. Og godt er det. For oss i alle fall. Han har jo laga break-up plater før han, ei av dei beste som finnes faktisk – solodebuten Heartbreaker står som en moderne bauta og har blitt CEVBOF-kanonisert  for lengst.

Men i 2017 er det ikkje singersongwriteren med sin Gibson og sitt munnspel som har kjærleikssorg, nei det er 80s stadionrockeren med dei svære refrenga og det tunge dommedagsaktige kompet som har gått på ein smell. For her er det mykje “anthem rock”, i mangel på betre norske ord. Her er det synthpastisjer, cheesy hooks, klisje på klisje og mykje kjensler, veldig mykje kjensler. Men fanden heller då, det funkar jo for det meste heilt strøkent!

Do you still love me? åpnar ballet og dette er ei låt eg lett kunne vurdert å gje lillefingeren for å fått servert i ein superoptimal versjon ein varm augustkveld på eit fullpakka Koengen. Så vakkert og så tøft på samme tid. Sårheten og nærveret til Ryan er det få, om noken som kan matche – som vokalist er han uovertruffen og det viser han til fulle på denne skiva også. Tittelkuttet har begge beina godt planta i 80s rocken den óg, det minner jo strengt tatt om ting eg egentlig ikkje kan fordra, men når Ryan gjer det, så blir det rett og slett berre bra – kan ikkje forklare korfor egentlig. Ei låt som ikkje hadde vore malplassert på grovt undervurderte Rock&Roll.

I Doomsday får vel Ryan-puristane nesten sitt, men produksjonen, og då især trommene køddar vel til den folksy feelen låta lett kunne fått med eit par enkle grep. Smell på ein vekselbass, lur inn litt slide, juster tempoet ørlite opp –  og du kunne fort hatt ein ny altcountryklassiker signert Ryan.

Men, det er jo eit men her. Det blir rett og slett etter kvart i overkant mykje av denne 80s flørten, som strengt tatt ikkje er ein flørt, men meir eit “all in” frieri. Det blir Springsteen-vibbar etter kvart også, især i Outbound train,  og er det noko eg kan styre meg for så er det Bruce på midten av 80 tallet – men heldigvis høyres ikkje Ryan ut til å lide av akutt obstipasjon, slik Brucer’n stort sett gjer.

Men, kva med tekstane då spør du? Joda, det er mykje hjerte/smerte her, så mykje at det etter kvart er faretruande å bikke over i noko i overkant sjølmedliande som ikkje er heeeilt innafor det eg vil klassifisere som stor poesi. Men for all del, dette er nok i stor grad terapi for Ryan, så la han skrive til blekket grin.

Hadde B-sida vore like stødig som A-sida så trur eg Ryan hadde snust på 7’ern denne gongen, men eg sitter igjen med kjensla av at det dabber for mykje utover – det vert aldri dårlig, det vert bare litt for mykje “ikkje-min-favoritt-Ryan” totalt sett. Uansett, eg syns det er veldig mykje fint her, mest naturlige platene å sammenlikne med er vel kanskje Love is hell, samt nevnte Rock & Roll. Men neste gong kan du godt lage ein ny Cold Roses eller Jacksonville City nights, Ryan. M’kay?

CEVBOF seier 6.5