Om skalaen

Her er oppbyggina av den “soon-to-be-ISO-certified” skalaen som brukes av skranglefantene:

9 – CEVBOF mesterverk
Ytterst, eg vil seie ekstremt, få plater fortener 9 på skalaen. Det kan dreie seg kring 1/1000 plater eller deromkring. Plater som oppnår denne karakteren er udødelege klassikarar, referanserammer for sjangaren, og ei strålande sol blant mange store stjerner. Eit formidabelt mesterverk du kan spele dag etter dag, år etter år, aldri bli lei og framleis høyre ny storskap i. Det å være “tidlaust” er nærmast eit krav for slike plater. Ikkje noko sånn “ahh det var sommaren 1997” greier her i garden no.

Dette er plater kor heilskapen definitivt er større enn summen av enkeltdelane, og det til tross for fantastiske enkeltdelar. Desse platene innehar ekstreme kvalitetar på alle plan, i tillegg til å “do it for me” personleg. Derfor er det umogleg for Pink Floyd å oppnå ein sånn karakter på CEVBOF-skalaen.

Det er dessutan eit kriterie at ei plate må være minst 10 år gammal for å oppnå høgste karakter. Litt modningstid trenge alle plater. Dette betyr at somme 8′ar plater kan værte oppjustert “as years go by”. Når 10 år har passert kan skiver altså formelt innlemmes i CEVBOF-kanonen. Dette skjer ofte i svært høgtidelige ritualer der skranglefanter sitter og lytter til skiva medan dei super øl, og tenker “sattan – blissje bedre enn dette”.

8 – CEVBOF klassikar
Dette er karakteren for verkeleg gode plater, plater som kun har minimale “feil” som frarøver dei “mesterverk” tittelen. Melodiar, tekstar, instrumentering og produksjon er jevnt over av svært høg kvalitet, men eit “middels” spor, faktisk eit håplaust cover, kan være nok til å trekke ned frå ein mogleg 9ar.

Typisk kan det komme 1-3 sånne plater kvert år, avhengig av kor liberal ein vel å være i dommens time. Ein 8′ar på skalaen tilseier at dette er ei strålande plate som einkvar som har sans for sjangaren, eller god musikk generelt, kjem til å finne mykje glede i.

7 – CEVBOF kongeplate
Kongeplatar kjem det ein del av i løpet av eit år, kanskje opp mot 10, men dette er allikevel ein svært høg karakter det skal mykje til for å oppnå på CEVBOF. Kan inneholde eit og anna “middels” spor, men jevnt over er det meste av låtar av svært høg kvalitet. For dei som likar sjangaren er plata eit definitivt sikkert kjøp.

6 – CEVBOF goplate
Goplater kjem titt og ofte. Her er det mykje bra, men også nokre ting som kan være middels og til og med delvis uinteressant. Når terningen allikevel hamnar på ein 6′ar betyr det at plata i alle fall inneheldt nokre spor som strålar blant ein del ikkje fullt like imponerande ting.

Alt i alt er dette plater det er verdt å få med seg, og som vil gje dei som liker sjangeren mange fine augeblikk.

5 – CEVBOF greinokplate
Desse kjem heile tida. Interessante artistar er det overalt, og nåken kjem med ei plate til eikver tid. 5′ar plater innehelde ein del okeie ting, men har for mykje dusinvare preg over seg til å bli så mykje anna enn ei typisk “høyrt igjennom” plate, sjølv om den glede fans av ze artiste in question

4 – CEVBOF whateverplate
Stort sett skuffande og uinspirerte fra a-å. Svake melodiar, dårlige tekstar og ein generell crappyness over heile greia, sjøl om det tidvis kan være ting som glimtar til. Når det allikevel hamnar på ein 4′ar må det være fordi artisten/bandet har gjort overbevisande ting tidligare og skalaen landar på ein 4′ar mest av nostalgiske årsakar, eventuelt fornekting av manglande kvalitetar på plata

3 – CEVBOF kjipaaplate
Stort sett håplause greier. Ei plate som truleg høyrast berre ein gong, den gongen den skal anmeldast. Slike plater er tilnærma totalt krise og innehar få eller ingen interessante spor, og er tilnærma blotta for musikalske kvalitetar.

2 – CEVBOF drætaplate
Totalt på trynet plate som ikkje eingong vært høyrt igjennom. Plater kor ett til to spor er nok til å høyre kor resten av dræten ender. Produksjon, låtar, arrangement og instrumentering er totalt rævva blues, men det kan kanskje finnaste eit lite parti, ei bridge eller ein solo, i ei låt på develskapen som ikkje er grufult, og dermed reddar dræten frå 1 og skandaleplate.

1 – CEVBOF skandaleplate
Eg høyrer ikkje på sånt. Konfisker instrumenta deira, putt dei bak lås og slå, og trekk tilbake platene frå butikkane og brenn dei på bålet, og brenn bålet ein gong til etterpå.

Halgarderingar
Somme gonger kan sjøl eg være i tvil, men dette er eit unntak meir enn ein regel. Då kan det være at eg nyttar meg av ein .5 teknikk som slettes ikkje er ueffen, om den først må nyttast. Eg freister etter beste evne å unngå dette, då eg meiner at skalaen bør være differensiert nok til å lande på heile karakterar.

Kjøpeverdig:
Generelt vil vi sei at skiver som får mindre enn 6,0 ikkje er verdt å kjøpe – då duger det med sånn moderne strømming og sånt. Klart, er det ein artist du har sansen for, eller er det eit ekstra snaisent cover eller noko, så kan man alltids kjøpe 5er-skiver, men der går definitivt grensa!